På 140 stader rundtom i Skandinavia vil
dykkarar i kveld forsøka å setja ein ny Guinness-rekord. Ein
håpar at meir enn 1000 dykkarar vil finna fram symjeføter og
oksygentank, og gje seg ut i det våte element samstundes,
nøyaktig klokka 20.07 i kveld.
Mellom dei som arrangerer nattdykk er Michael Naunheim i Tysnes
Sjø- og Fritid. Det er førebels ikkje det store oppmøtet.
Aukande popularitet
For anledninga er redaktør for bladet «Dykking», Christian
Skauge, på vitjing på Tysnes. Skauge er rangert som ein av dei
beste undervassfotografane i landet, og har vunne fleire prisar
for sine makrobilete av livet i sjøen.
Nattdykkinga vert halde kvart år den fyrste torsdagen i
desember. Skauge, som er ein ivrig forkjempar for det årlege
rekordforsøket, håpar at fleire fattar interesse.
– Dette er tredje året nattdykking vert arrangert. Det fyrste
året deltok 351 dykkarar, etter kvart har fleire fatta interesse
for rekordforsøket. I år deltek forhåpentlegvis over 1000
dykkarar, frå mellom anna Sverige, Danmark, Tyskland og Estland,
seier han.


